Til startside  Almenning AS
   Tlf: 57 87 56 00  Fax: 57 87 55 57  post@almenning.no

PVC-produkt

<Hovedmeny

ABRA SILOPOSE

HINDRAR FORUREINING

Posen er heilsveisa og hindrar at pressaft ureinar vassdrag, grunnvatn og terreng. Posen gjer det muleg å lagre pressaft i siloen, eller det kan veljast avløpssystem i botn eller vegg til eksternt lager.

LUKETETNING

Lukelapp skruast fast i siloveggen i overkant av luka og dekkjer lukeopningen med rikeleg overmål.

FORKVALITET

Posen gjer siloen tett, og det medverkar til høg kvalitet på foret.

HINDRAR FRYSING

Posen hindrar foret i å fryse fast i siloveggen.

ENKEL MONTERING

Posen vert laga etter mål og har eit enkelt opphengsystem; aluminiumsskinner som skruast fast i siloveggen. Utførleg monteringsanvisning følgjer ved levering.

DUKEN

ABRA silopose vert produsert av PVC-belagt polyesterduk. Tjukkleiken på duken er 700 g/m2. Botnen av posen har ein annan farge enn veggane for å gjere monteringsarbeidet enklare. Posen er sveisa med høgfrekvent sveisemaskin.

STATSTILSKOT

Silopose er godkjent av Statens tilsynsinstitusjoner i landbruket (STIL), og kan finansierast med tilskot frå staten.

GARANTI

5 år garanti mot fabrikasjonsfeil.

 

Les her kva bønder seier om bruk av ABRA silopose som tetting:

Lars Bergset, 6795 Blaksæter:

"I 1980 fekk eg eit firma til å smørje to nye betongsiloar (diam. 5.0, H:10.0 m) med epoxy. I 1997 såg eg at belegget var begynt å flasse. Eg brukte høgtrykksvaskar for å gjere dei reine og då datt belegget av i store flak. Det synte seg at silosafta hadde tært på betongen bak belegget - også der belegget såg ut til å vere i orden. Etter nærare undersøkjing såg eg at der var mange, nesten usynlege sprekker i belegget. Eg fekk opplyst at dersom eg skulle rebehandle siloane, var det ikkje nok å vaske med høgtrykksvaskar og sandblåse dei, dei måtte slipast. Etter denne erfaringa og av økonomiske omsyn valde eg å montere ABRA silopose som er godkjent av Statens landsbrukstilsyn, i begge siloane."

 

 

Knut Førde, 6910 Bremanger:

"I 1992 monterte eg ABRA silopose i to siloar (Diam.:4.5, H:6.0 m). Eg er godt nøgd med resultatet og det er ikkje registrert lekasje frå siloane. Siloforet held god kvalitet og posen hindrar at foret frys fast i siloveggen. Eg brukar pressafta til foring, noko eg har svært god erfaring med."